I siste bloggpost tok eg opp den blomstrande nyåndeligheten. Posten hadde ei lita slagside, men det er vanskelig å få med alt i ein bloggpost. Så får ein innspel som ein ikkje hadde tenkt på. Det gjorde eg denne gongen, angåande menneske som ikkje er i stand til å tenke på andre. For det er tider i livet vi ikkje maktar å sjå andre enn oss sjølv. Slik er det iallefall for dei som slit med depresjon td. I slike fasar av livet treng menneske at andre stiller opp og er medmenneske.
Eg satt å såg på programmet "studio Fem fra den andre siden" ein kveld. Marianne Solberg Behn snakka om at ho ville vere eit medmenneske. Slik eg opplever det er det ein av våre største utfordringar i samfunnet; vi treng å vere medmenneske for kvarandre. Vi sjukleggjer normale reaksjonar i dag. Mange som sørger får medisin for å takle si sorg, istaden for eit medmenneske. Vi er så fattige!
For litt sidan kom det fram at folk som kom i ei psykisk krise greidde seg betre om dei fekk tilrettelagt arbeidet, enn om dei vart 100% sjukemeldt. Kva hjelp får folk i dag som kjem i ei livskrise? Eg vert iallefall overraska over å møte folk som er uføre som seier dei egentleg aldri fekk hjelp. Og så gav dei berre opp naturleg nok. Slutta å kjempe. Spørsmålet er om samfunnet har råd til å la vere å hjelpe i framtida. Uansett kan vi alle vere medmenneske. Det er truleg det mest effektive og.
Kjærlighetslys
-
Ann Cathrin og Roger i Furestranda. Sildagapet i bakgrunnen. Ta ein kikk på
himmelen- ser du kva den er forma som? Den er heilt ekte!
5 timer siden








